Karin Dokken Austvik
Suldal Kommune
Karin Dokken Austvik er kommunedirektør i Suldal kommune trur på Lean som eit verdifullt verktøy for forbetring. Samfunnsoppdraget i kommunal sektor blir utfordra. Vi blir færre yrkesaktive og fleire som skal ha offentlege tenester. Vår evne og vilje til å omsetje samfunnsoppdraget i praksis vil avgjere om lukkast i å skape tenester av verdi for innbyggarane i framtida.
Den største utfordringa er rett kompetanse, på rett plass til rett tid. I Suldal er LEAN er vår felles filosofi og forbetringsarbeid er vårt felles verktøy for å løyse dette oppdraget. I slutten av 2025 Suldal skal alle medarbeidarar i Suldal ha høyrt om LEAN og forbetringsarbeid.
Karin vil dele resultat av arbeidet og korleis dei systematisk skapar Makalause tenester gjennom:
- Arbeidsglede og omstilling- som hånd i hanske
- Meir kvalitet for færre ressursar – går det?
- Gevinstrealisering i skattkammeret Suldal